Lite kontor – stor kompetanse

18. sep, 2016Blogg, Telefoni

Som medlem av Telering-kjeda, er Adcom-avdelingane del av ein av Telenors og Telias største distribusjonskanalar i bedriftsmarknaden. Adcom Søre Sunnmøre styrkjer no si satsing på telefoni, og har stor tru på å kunne
vekse i tida som kjem.

Adcom Søre Sunnmøre er ein del av det Molde- baserte selskapet IT Data AS, og er lokalisert på R-Senteret i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda. Her finn du Roar Vikene og Jan Tore Bjerkvik; begge med lang erfaring frå IT-bransjen og mykje kunnskap om telefoni.

Ein av tolv med denne kompetansen i Noreg. – Vi har vore knytt opp mot Telering sidan lokalkontoret her vart oppretta i 2014, fortel Roar Vikene. – Kjeda er stor – i alt 115 forhandlarar over heile landet – og har som hovudfokus å levere løysingar som gjer bedrifta di meir fleksibel og mobil. Døme på dette er mobile sentralbord, videokonferanseutstyr og -programvare, og verktøy for dokumentdeling – tilgjengelig frå mobil, lesebrett og/eller PC. Det er ein viktig styrke for oss å ha dette nettverket i ryggen, ikkje minst sidan det betyr at vi får vere forhandlar for både Telenor og Telia. No som Telia nyst har kjøpt opp konkurrenten Phonero, utgjer desse to gigantane mesteparten av marknaden. Vi står heilt fritt til å gje bedriftskundane råd basert på kva nett dei har behov for og ønskjer om, og kan altså tilby det aller meste. Dei to selskapa leverer mykje likt, men det er også enkelte skilnader når ein for eksempel ser på det med dekning.

– Det som er litt spesielt her i vesle Hovdebygda, fortset Vikene, – er at vi har Jan Tore som er sertifisert som ein såkalla TOSS. TOSS står for Telenor Office 365 Sertifisert Supportsenter; det fins så vidt vi veit, berre tolv av dei i heile landet. Dei har fått ei eiga Telenor-utdanning som gjeld telefoni-løysingar tilknytt Microsoft Office 365, og er ansvarlege for fagleg og teknisk støtte til store og små bedrifter rundt omkring i hele Norge på dette fagfeltet. Dette sikrar oss ein relativt unik kompetanse, og gjer at kundane våre kan få alt lokalt; frå tilbod og informasjon til installasjon, iverksetjing og support.

 

4G/Wifi tale

Noko av det mest revolusjonerande på telefonifronten for tida er 4G og WiFi tale, der lydsignala vert sendt som datapakkar – ikkje ulikt IP-telefoni og Skype. Både Telenor og Telia har no denne teknologien på plass, og begge byggjer ut 4G-nettet i høgt tempo.

– Den viktigaste fordelen med denne nye tenesta er nok det at den gjev betre dekning, seier Roar Vikene. – Dersom du opplever å ikkje ha ordinær telefondekning – for eksempel i skogen eller i bygningar av glas/kontorlokale – vil 4G/WiFi tale fungere dersom det er dekning for dette på staden. Faktisk slit så mange som 10-20 % med dårlig dekning inne i bygg, på grunn av at strengare krav til isolasjon, glas og betong gjer at mobilsignala slit med å trenge gjennom veggane.

Andre fordelar er betre kvalitet på lyden i samtalen, redusert batteriforbruk og raskare oppkoplingstid. Det er dessutan svært mykje billegare å ringje til utlandet dersom samtalen kan koplast opp på denne måten; ein slepp vanleg telefon-takst og betalar berre for nettbruken.

Du kan med andre ord ringje til en kollega eller forretningsforbindelse i Kina og berre verte belasta ein sum tilsvarande norsk lokaltakst.

«Dette sikrar oss ein relativt unik kompetanse, og gjer at kundane våre kan få alt lokalt; frå tilbod og informasjon til installasjon, iverksetjing og support.»

Mobilt bedriftsnett

– Apropos å spare pengar; har de framleis fasttelefon i bedrifta di? Vi hadde det sjølv fram til i fjor, men gjekk over på ei rein mobilløysing frå nyttår. Dette sparer bedrifta no mange tusen kroner på, kvart einaste år. Og tenesta er betre enn ho var. No kan vi i Telenor-appen enkelt og raskt melde oss oppatt, i møte eller på ferie og så vidare, så har ho på sentralbordet oversikt til ei kvar tid. Ho kan også sjå om vi sit i ein annan telefon, og kan kople seg opp kvar som helst – via PC eller mobil. Andre døme er at ein kan lage telefonsløyfer, svargrupper og tidsstyrt velkomsthelsing – moglegheitene er mange. Og dette gjeld både Telenor og Telia.

– Ei vanleg innvending mot å gå over på ei rein mobilløysing, er at ein vil behalde fasttelefonnummeret bedrifta har hatt i mange år; som står på mykje trykt materiell, og som kundane kjenner. Det som er fint, er at dette ikkje er noko problem. Bedrifta di kan behalde nummeret de alltid har hatt, og dersom det også er ønskje om dette, kan sentralbordet ha eit bordapparat som før.

– Det aller meste kan med andre ord tilpassast dei ønskjer og behov de måtte ha, avsluttar Vikene muntert. – Kontakt oss eller kom innom i Hovdebygda, så ser vi saman på kva som vil vere den beste løysinga for di bedrift.

TEKST / Marie Gjære Gundersen / Jan Tore Bjerkvik / Telenor
FOTO / Andreas Winter

La oss ta en prat om hvordan du kan spare tid

Stein Andre er it-konsulent i Molde og har jobbet med Microsoft i 10 år. Han er en kløpper i Office 365 sine løsninger, og har alltid et smil på lur.

Relaterte innlegg

Vi tar pulsen på din IT-helse

Vi tar pulsen på din IT-helse

En dårlig IT-helse kan i verste fall gjøre det umulig for deg og dine kollegaer å jobbe. Når tok du sist pulsen på arbeidsdagen din? Vi går hardt ut, og sier at IT-helsa på jobb er like viktig som din egen helse. Vi kartlegger din IT-helse og gir deg verdifulle råd til hvordan du kan senke pulsen i din bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

En sikkerhetspolicy er bedriftens kjøreregler i all databehandling, om hvor data lagres, backuprutiner, hvordan man håndterer sikkerhetsbrist, passordregler, etc. Vi gir dere veiledning på hvordan man lager en skuddsikker sikkerhetspolicy for deres bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om backup

Innspilling av webinaret om backup

Hvilke kilder er det til datatap, og hvordan tar man høyde for det? Den beste måten å sikre seg mot datatap og driftsstans er god backupløsninger. Vi tar dere gjennom både lokal- og skybackup, og stiller noen viktige spørsmål til hvor data bør lagres og hvordan den bør sikkerhetskopieres.

les mer
Share This