Vil du jobbe med økonomi i Førde?
Adcom Fjord Data er ein lokal Visma Partner med stor breidde i våre løysingar for eksisterande og nye kundar.

Våre kundar er ca 250 bedrifter i Sogn og Fjordane som i dag nyttar Visma-løysingar. Vår rolle som leverandør innan økonomi strekker seg frå:
Praktiske oppgåver innan rekneskap og lønn i rekneskapsbyrået vårt
til
Rådgjeving og oppfølging saman med digitalisering og effektivisering av administrative oppgåver i verksemdene.
Vi søker etter medarbeidarar med
Høgskuleutdanning innan økonomi/IT
Gjerne også med erfaring frå desse felta, ikkje eit krav
Lyst til å vidareutvikle seg innan bruk av ny teknologi
Offensive haldningar til å skape gode kunderelasjonar
Vi tilbyr
Gode lønsvilkår og tilpassa arbeidsavtale
Vårt gode leverandørsamarbeid gir gode høve til fagleg vidareutvikling
Tilpassa arbeidsoppgåver ift kunnskap og erfaring
Arbeidsmiljø med høg kompetanse og god relasjonsbygging
Hos oss vil du møte kollegaer og kundar som gir deg gode høve til vekst og vidareutvikling. Vi har lang erfaring i kunderelasjonar og er bevisst på å bygge lojalitet og høg tillit.
Vi tar gjerne ein prat om korleis vi tenker å tilpasse arbeidsområde til din bakgrunn.
Arnljot er dagleg leiar i Adcom Fjord Data og har eit sterkt engasjement for å gje kundane sine tid, god service og rette løysingar. Som dagleg leiar er han aktiv og medverkande, og legg til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg og gjere ein best mogeleg jobb.
Ta gjerne kontakt med han på: 917 67 220 eller ara@adcom.no

Likte du det du leste? Fyll ut skjemaet under da vel, så går du ikke glipp av neste innlegg!
Relaterte innlegg
Visma kompetansedager, velg mellom 100 kurs på 5 dager
Nå kan du delta på Norges største digitale konferanser, med tilgang til over 100 digitale kurs over 5 dager. Sett sammen din egen agenda, og fyll på kompetansen med godkjente timer for regnskapsfører og revisor. Jobber du med regnskap og lønn, så er dette uten tvil noe for deg!
Visma Lønnsforum – vår 2020
Set av datoen 7. mai, og bli fagleg oppdatert på reglar innan løns- og personalområdet. Vi har i samarbeid med Visma oppdatert agendaen til vårt lønnsforum, slik at den er oppdatert med nye reglar, rutinar og praksisendringar i høve coronaviruset (COVID-19). Kurset vert køyrt som online kurs, det betyr at du kan ta kurset frå din arbeidsplass eller ditt heimekontor.
Webinar om lønn og HR
Vi kjører webinar om Lønn og HR. Her får du en god innføring i mulighetene som finnes med et skybasert lønnssystem. Har du tenkt på å effektivisere rutinene i din bedrift? Hvordan kan du digitalisere, og hvilke fordeler får du av det?