# FRAMTIDAS REKNESKAPSMEDARBEIDARAR

Kundane våre tenker meir og meir på løysingar som er effektive og enkl eå ta i bruk og å bruke. Vi treng difor nye medarbeidarar til spennandeutfordringar innan ERP og lønsfaget.

Adcom er lokal Visma Partner i fylket og leverer ERP-løysingar for verksemder i alle storleikar. Våre medarbeidarar vert involvert i alle fasar frå oppstart, gjennomføring og vidareutvikling gjennom digitalisering og effektivisering.

Hos oss vil du møte kollegaer og kundar som gir deg utfordringar med gode høve til vekst og vidareutvikling. I vårt arbeid med meir enn 200 bedriftskundar, har vi stor breidde på arbeidsfeltet innan økonomi, løn/personal og IT. Vi har lang erfaring i  kunderelasjonar og er bevisst på å bygge lojalitet og høg tillit.

I vårt rekneskapsbyrå møter du:

Nye system innan ERP- og lønsfaget

God høve til byråfagleg utvikling

Praktiske og konsulentretta oppgåver innan økonomiløysingar og rådgjeving

Ny teknologi som gir store vinstar for våre kundar

 

Vi søker medarbeidarar med:

Høgskuleutdanning innan økonomi/eventuelt også med erfaring

Konstruktiv og gode evne til å tenke nytt

Offensiv og positiv haldning til nye arbeidsmåtar

Vi tilbyr:

Gode lønsvilkår og fleksibel arbeidsavtale

Solid tilbod om opplæring og fagleg utvikling

Vi ser fram til å høyre frå deg og ber om søknad innan 23.april til ara@adcom.no

Meir informasjon får du hos Arnljot Ramstad på mobil: 917 67 220

Share This

Liker du det du ser?

Del det med vennene dine da vel!